Litt om Gran Canaria og Puerto Rico
Gran Canaria vert kalla eit kontinent i miniatyr. Øya er den tredje største av Kanariøyane, og er ei vulkanøy, til liks med dei andre Kanariøyane. Øya ligg vest for Afrika, og har om lag 750 000 innbyggarar. Belggenheten er på same breddegrad som Marokko, og dette gjev jamn og fin temperatur heile året. Gjennomsnittstemperaturen varierer frå 16 grader i januar til 24 grader i august.Øya er ganske rund, og er ikkje større enn at det er mogeleg å kjøra rundt den på ein dagstur.Kontrastane mellom kysten og innlandet er stor, og vi tilrår absolutt ein tur opp i fjellet til naturparken del Nublo. Ein spasertur opp til den særegne klippa Roque Nublo 1817 m.o.h. er noko du må ta med deg! Utsikten her er fantastisk, er du heldig kan du sjå vulkanen Teide på naboøya Tenerife, Spanias høgaste fjell.
Puerto Rico
Leilighetene våre ligg i Puerto Rico, nokre hundre meter ovanfor stranda og båthavna. I Puerto Rico finn du det meste: Shoppingsenter, sportsanlegg med minigolf, tennis og squash, lekepark, flotte strender og mykje meir. Frå havna kan du delta på mange aktivitetar, som dykking, havfiske (sverdfisk, hai og tunfisk), seiling, vannscooter osv.
Turar/utflukter
Det er gode muligheter for å gå på turar, både langs stranda og i fjella. Ein spasertur til Playa de Amadores tek ca. 15 minutt frå leiligheten, og er ein fin start på ein god dag på stranda! Stranda i Puerto Rico (Playa Puerto Rico) er den mest solsikre stranda på heile Gran Canaria. På dei fleste strendene kan du leiga solstolar og parasollar. Skal du ha deg ein fjelltur, anbefaler vi at du starter tidleg på morgonen, før det blir for varmt. For dei spreke er det mogeleg å gå frå Puerto Rico til Arguineguin. På vegen passerer du den norske palmehagen, ei gåve til den norske klubben frå Mogan kommune. Denne turen tar ca. 3 timar.Reiseselskapa organiserer fleire turar med båt og buss. Kom du til øya med eit reiseselskap (Star Tour, Saga, osv), sjekk ut kva turar dei kan tilby! Det beste er kanskje å leiga eigen bil? For ca 100 Euro kan du leige ein liten bil i 3 dager, bensin kjem i tillegg. Husk førarkortet ditt, og at promillegrensa er 0,4….
Restauranter
Byen er full av restauranter, dei fleste plasser får du god og velsmakande mat! Prøv deg fram, leit deg fram til dine eigne favorittar.Utan å ha prøvt så mange restaurantar, vil vi i alle fall anbefala desse: Restaurant Oscar finn du nede på strandpromenaden rett nedanfor leiligheten. God mat, flott service, husk å bestilla bord, her er ofte fullt!
Restauranten på hotellet Revoli Playa (som ligg rett ved sida av Haiti) har god mat og ofte kveldsunderholdning med dans.
I kjøpesenteret ligg restaurantane på rekke og rad. Velg mellom kinesisk, indisk, kanarisk, norsk, dansk, engelsk osv. Litt bråkete atmosfære, men mykje liv og røre!
Ein tur til nabo-byen Puerto de Mogan bør også prøvast. I denne idylliske byen finn du mange restau-rantar langs havna, blant anna den svensk/norske restauranten Que Tal, kjent frå fjernsynsserien «Sydenliv».
Nyttig å vita
Apotek heiter Farmacia på spansk. Du finn fleire i Puerto Rico, den næraste ligg nede på strandprome-naden, til høgre når du kjem ned trappa frå gangbrua over vegen.
Aviser (norske) kan du kjøpa i fleire kioskar i byen, mellom anna i strandbutikken (”Supermarket”) på stranda i Puerto Rico. Du får dagferske aviser frå ca. klokka 1300 om dagen, både Dagbladet og VG vert trykt i Spania.
Du finn minibanker overalt i byen. Pass på kortet og koden! Buss-tilbodet på øya er bra og billeg. Bussselskapet heiter Global. Ei reise til Arguineguin kostar under 1 Euro, ein tur til Las Palmas ca. 5 Euro. Taxi er billeg og kjører etter taksametet.
Vatnet i kranen bør ikkje drikkast, våre norske magar vil ganske sikkert reagera! Kjøp vatn i butikken. Vil du ha vatn med kullsyre kjøper du ”Aqua con gas”, og uten kullsyre ”Aqua sin gas”.
Gran Canaria er eit eldorado for ulike utflukter
Kvar dag går det badebåtar, og havfisketurar og andre sjøutflukter frå hamna i Puerto Rico.
Badeland
Ta ein dagstur til badeland
Marknad
Kvar tysdag er det marknad i Arguineguin. Verdt eit besøk! Gran Canaria
Transport
Frå flyplassen ved Las Palmas til Puerto Rico er det kun ein 30-minutters kjøyretur. Vi kan ordne med transport fra flyplass til Puerto Rico etter nærare avtale.
Vi vil at du skal få det beste ut av ferien din!