Sundegarden Eigedom AS
Sundegarden Eigedom AS er holdingselskap og eigar av ulike bustadeigedomar og næringseigedomar, som vert leigd ut til leigetakarar på løpande og lange leigeavtalar. Selskapet har og ein portefølje av børsnoterte og ikkje noterte verdipapir. Sundegarden Eigedom AS er heileigd av Ove Lemicka og har kontor på Sunde i Kvinnherad kommune.
Sunde Prosjektutvikling AS
Sunde Prosjektutvikling AS er eit dotterselskap av Sundegarden Eigedom AS. Selskapet har som målsetting å prosjektera og byggja bustader, der pris og kvalitet skal væra i fokus. Hovudproduktet er vertikaldelte to-manns bustader bygd på einskildtomter i eksisterande bustadområde.
Sunde Prosjektutvikling har sitt primærområde i Kvinnherad kommune og kommunane i Sunnhordland, men har og gjennomført prosjekt t.d. i Bergen.
Sundegarden Invest AS
Sundegarden Invest AS er eit heileigd dotterselskap av Sundegarden Eigedom AS som foretar investeringar i ulike bustadprosjekt m.m.
Herøysundet Bustadutleige AS
Herøysundet Bustadutleige AS er eit heileigd dotterselskap av Sundegarden Eigedom AS som eig 8 husvære i Herøysundet i Kvinnherad kommune. Alle desse bustadane er utleigde på ein langsiktig avtale med Kvinnherad kommune.